Friday, February 13, 2009


Søndag 15. februar om kvelden arrangerer Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik den første av to SUFH-gudstenester dette halvåret.

Det er Lars Erling Bjåstad Hovlid, Jan Einar Roos og Øyvin Sønnesyn som står som ansvarlege, og ønsket er å dele med bygda nokre av dei ressursane SUFH representerer.

Denne helga har SUFH vitjing av Pip Wilson frå London. Han har gjeve ut mange bøker med eit innhald som inspirerer og legg til rette for refleksjon og kommunikasjon. Han er mykje brukt som tilretteleggar av gruppeprosessar og som foredragshaldar over heile Europa, både innan KFUM og næringslivet. Han har bakgrunn som ungdomsarbeidar og KFUM-sekretær, og arbeider framleis med heimlause, rusmisbrukarar, elevar og studentar, men også sosialarbeidarar, pedagogar, behandlarar og leiarar.

Gudstenesta vil nesten utan unntak ha song med røtter i den keltiske fromheitstradisjonen – og både ”You raise me up”, ”Deg å få skode”, ”May the road rise to meet you” og ”Guds dyrebare Ord” er på songlista. Det vert ikkje preike i vanleg forstand, men Pip Wilson vil sørgje for at dei frammøtte får sjansen til både å kommunisere og reflektere. Ståle Rasmussen, Bertil Tødenes, Jan Thormodsæter og Øyvin Sønnesyn står for musikken.
inf.

BUSYbusy no time to blog but

you are beautiful ...........